Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


4 årsbok


Kvar haust inviterer me alle som blir 4 år det året til å komma til kyrkja ei helg. Der får dei bli litt kjent med kyrkjebygget, får høyra bibelfortelling og ver med på eit tilpassa og aktivt opplegg. Det er samling på lørdagen og på søndagen er det familiegudsteneste kl. 11.00, der foreldre og familien også blir oppfordra til å bli med, og der vil 4 åringane få utdelt ein barnebibel.

Invitasjon blir sendt ut i forkant til alle i kullet som står registrert som medlem i Dnk. Alle barn er velkommen, om du har fått invitasjon, eller ikkje. Det kostar ingenting å ver med, og det er heller ikkje påmelding.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med kateket Møyfrid Garborg på mob.: 982 20 855 eller mail: moyfrid.garborg@hakyrkja.no

Tilbake