Vigsel


Velkommen til vigsel i kyrkjene i Hå!

Et brudepar som danser sammen. Foto.

Vigsel er høgtid - og kyrkja har lang tradisjon for å leggja ei fin ramme rundt høgtida. Her er ei orientering om både formelle og praktiske sider av vigselen. 

Bestilling av vigsel:
Ta kontakt med Hå kyrkjekontor på telefon 51 43 62 10 eller e-post for å bestilla vigsel i kyrkjene i Hå. 
 

Vigselsstad:
I Hå kan ein velja å ha vigsel i Ogna kyrkje, Varhaug kyrkje, Nærbø gamle kyrkje, Nærbø (nye) kyrkje eller i Varhaug kapell. Vigselen skjer til vanleg kl 13.00, 14.15, 15.30 eller 16.45. Me har mange vigslar i kyrkjene i Hå, det kan derfor lønna seg å bestilla plass i kyrkja god tid i førevegen. 
 

Kostar det noko?
Når ein av brudeparet er medlem av Den norske kyrkja og buset eller oppvaksen i kommunen, er det gratis å gifta seg i kyrkja. Viss ingen i brudeparet er medlem av Den norske kyrkja eller har tilknyting til kommunen, må dei betala for både leige av kyrkja/kapellet og for prest og organist, om ikkje brudeparet sjølv skaffar og betaler for organist/prest. Rekning for prestetenesta blir send frå Stavanger bispedømmeråd. Rekninga for organist, kyrkjetenar og kyrkja/kapellet blir send frå Hå kyrkjelege fellesråd.

Desse satsane gjeld:

Leigesatser for vigsel Kyrkje (inkl. kyrkjetenar) Organist
Ogna kyrkje 3.000,00 1.800,00
Varhaug kyrkje 3.000,00 1.800,00
Nærbø kyrkje 3.000,00 1.800,00
Nærbø gamle kyrkje 3.000,00 1.800,00
Varhaug kapell 2.000,00 Ingen organist

Prest: Bispedømmet sender eigen faktura. 
 

Val av prest:
Prestane i Hå har turnus på kven som har teneste i vigslane. De vil få den presten som til kvar tid er sett opp på desse tenestene. Nokon har ønske om eigen prest til å gjennomføra vigselen. Alle ordinerte prestar i Den norske kyrkja kan gjennomføra vigsel, men det er viktig at vedkmmende prest sender søknad til soknepresten om dette (ei reint formell sak). 
 

Organist:
Organist er inkludert i alle vigslar i Ogna, Varhaug, Nærbø og Nærbø gamle kyrkje. 

Nokon ønskjer vigsel i Varhaug kapell. Her er der ikkje organist med. Staden har heller ikkje instrument. 
 

Vigsel av likekjønna: 
Kyrkjemøtet vedtok i april 2016 at det skal utarbeidast liturgi for ekteskap mellom likekjønna og liturgi for forbønn for borgarleg inngått ekteskap av likekjønna. Det er grunn til å tru at det vil ta opp mot eit år før godkjend liturgi ligg føre. Hå kyrkjekontor vil frå no av ta imot bestillingar av vigsel av samkjønnede og/eller forbønn for borgarleg inngått ekteskap av samkjønnede. Prost og kyrkjeverje vil sørgja at det blir vikarar sette inn, dersom tilsette blir reserverte seg eller har frihelg/ferie, slik at alle bestilte seremoniar blir gjennomførte.
 

Vigselssamtale og ønskjer om musikk:
Det er brudeparet sjølv som må ta kontakt med kyrkjelydskontoret minst ein månad før vigselen for å avtala vigselssamtale med presten (vanlegvis 2-3 veker før vigselen). De vel sjølv salmar og brudemarsjar (sjå forslag i linkane under). 
 

Dette må gjerast før vigsel: 
Skjema som skal fyllast ut er erklæring frå brurefolka, forlovarerklæring og eventuell melding om namneendring. Desse kan de fylla ut på nett dersom begge som skal gifta seg, og dessutan forlovarane begges har norsk personnummer eller D-nummer. Dette blir gjort på Skatteetatens sider. Ein kan og fylla ut skjemaa på papir, då skal dei sendast til Skatteetaten, Postboks 9200 Grønland, 0134 OSLO. Ønskjer de papirutgåva av skjemaa finst desse neders på denne sida. Folkeregisteret skriv ut ein prøvingsattest som viser at alt det juridiske er i orden. Denne attesten er gyldig i 4 månader. 

Hugs å kryssa av på skjemaet nedst at attesten skal sendast til Hå kyrkjekontor, Ånestadvegen 12, 4360 VARHAUG. Om attesten kjem direkte til deg sjølv, må du ta ansvar for å levera han til kyrkjekontoret. 

Etter vigselen sender folkeregisteret ut vigselsattest. 
 

Deltaking under vigselen:
Det er høve til at bryllaupsgjester kan delta med musikalske innslag, tekstlesnad, andre passande kulturelle innslag eller liknande. Dette blir avtalt med presten i vigselssamtalen. Organistane speler gjerne til solosong etc (levande musikk er å føretrekkja framfor playback). Avtal øvingstid direkte med organisten i god tid. 
 

Songark og pynting:
De er sjølv ansvarlege for å få trykt songark og eventuell pynting av kyrkja. Dørene opnar ein time før vigselen startar, så pynting må gjerast då. Salmebøker i kyrkja kan brukast om ønskjeleg. 
 

Viktig på vigselsdagen:
FORLOVARAR og eventuelt BRUDGOM (når brudeparet ikkje går inn same) må vera på plass i kyrkja seinast 10 min før vigselen startar. BRUDA og BRUDGOM/FAR/FØLGJER møte i våpenhuset (hovudinngang) seinast 5 minutt før vigselen (då det blir ringt i 5 minutt etter at bruda har komme). Kyrkjetenar vil då ta i mot dykk, og vera behjelpeleg med kjole og opning av dører. 
 

Lykke til med førebuingane!
 

Nyttige skjema:
Skjema: Erklæring om skifte
Skjema: Erklæring frå brurefolka
Skjema: Forlovarerklæring
Skjema: Melding om namneendring
Mal - Vigselsliturgi
Bryllupssalmar
Skriftlesingar ved vigsel
Teikningar Ogna Kyrkje