Alle rettigheter 2020 Hå kyrkjelege fellesråd

Noas Ark - Open barnehage


 

07.09.2020
Me er så glade for å opna Noas ark i morgon, tysdag 8.sept.
På grunn av Covid-19 er det påmelding, og me har plass til 12 vaksne med barn pr. dag.
Påmeldinga opnar kl. 08.00 same dag ein ønskjer plass.
Klikk deg inn her: https://forms.gle/xVZ5w2Jfb3igzN9J7
(stopper når 12 påmeldinger er registrert)
Når de kjem, bruk hovudinngangen i underetasjen. Her vert det registrering og betaling.
Det er ein ny og annleis kvardag for oss alle i koronatider. Me lærer undervegs og endringar får me ta når dei kjem.
Smittevernsreglane gjeld i barnehagen, slik som det gjer elles i samfunnet.
VELKOMMEN!

01.09.2020
Endeleg er dagen komen, tysdag 9. september opnar me barnehagen igjen. Fram til nytt år har me ope tysdagar og fredagar, frå kl. 08.30 - 13.50. Me gler oss til å treffa dykk!

På grunn av Covid-19 er me i gul sone, og må difor fylgje nye retningslinjer. Det vert påmelding kvar dag, me legg ut nærmare informasjon om korleis dette blir. Alle som kjem må vera friske, halde avstand og vaske hender.

Hjarteleg velkommen :-)
Anne og Gunn

 

05.08.2020
Hei alle saman.
Nå nærmar det seg haust, og me håpar at me snart kan opna igjen.
I dag var me i kontakt med kommunen, og venter på tilbakemelding om korleis oppstarten blir for oss i open barnehage.
Kjem tilbake med ny informasjon så fort me veit meir.

05.05.2020
Hå kommune v. kommunelegen har bestemt at dei opne barnehagane i Hå, foreløpig skal halda stengt til hausten. Dette gjeld oss på Noas ark. Håpar alle har det bra, me saknar dykk veldig!!

Noas ark open barnehage er ein møteplass for barn frå 0 til 6 år i fylgje med foreldre, besteforeldre, dagmamma eller anna. Her kan barna leike saman med andre, og barn og vaksne kan verta kjende med nye barn og vaksne. Noas ark er open måndag, tysdag og fredag kl. 08.30 til 13.50. Du kan koma og gå når du vil, og du kan velje om du kjem ein eller fleire dagar. Opplegget er det same i løpet av veka. Ta med mat og drikke (me sel kaffi og te). Inngangspengar kr. 20,- pr. barn. Vippsnr for betaling til Noas ark er 127473. Vi fylgjer skulen sine feriar og fridagar.

HMS

Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler.

 

 

Tilbake