Mini-Mer


Tweensklubb 5.-7. klasse

Mini-Mer ein klubb for barn i 5.-7. klasse. Me møtast annan kvar onsdag frå kl. 17:30-19:30 i underetasjen i Nærbø kyrkje.

Kva skjer på Mini-Mer?
Me startar med ei fellessamling med andakt og song. Etterpå er det aktivitetar og kiosk. Inne- og uteaktivitetane varierer etter veret. Noko av det me gjer ute er: fotball, borrelåsspill, black, landhockey, sykkelløp, kanonball, boksen av, og politi og røver. Inne er det lagebord, PlayStation på storskjerm, bordtennis, biljard, airhockey, fotballspel, brettspel, avisleiken m.m.  Det er sittegrupper kor ein berre kan snakka og slappa av. Nokre kveldar har me bingo, eller basar til inntekt for et prosjekt me støttar. Dette kan du lese om i programmet vårt.

Ta kontakt dersom barnet ditt treng tilrettelegging.

Medlemskap er kr. 50,- for eit skuleår. Betal helst på Vipps ved å søke opp 644355.
VIKTIG! Merk betalingen med barnets namn, adresse og fødselsår.

Er du vaksen og har lyst å bidra som medhjelpar på Mini-Mer? Arbeidsoppgaver vil å hjelpa til på aktiviteter ved behov (f.eks. lagebord og grilling), eller berre vera tilstade som ein synleg vaksen. Me byrjar leiarmøte kl. 17.00 og er ferdige kl. 19:30, men fint om du også har moglegheit til å hjelpa med litt rydding før du går heim. Ta kontakt om dette er noko for deg.

Trusopplærar Anne Turid Varhaug
E-post: anne.turid.varhaug@hakyrkja.no,
Mobil 930 81 297

Datoer for Mini-Mer høsten 2023:

  • 30. august
  • 13. september
  • 27. september
  • 25. oktober
  • 8. november
  • 22. november
  • 6. desember
Tilbake