Mini-Mer og Gloria reiser til Kongeparken!


 

21. mai reiser Mini-Mer og Gloria til Kongeparken!

Dagspasset kostar kr. 249,- for Mini-Mer- og Gloria- medlemmar.  Smør matpakke til barna eller send med pengar til mat. Det blir en lang dag.😉 Har nokon av foreldra lyst til å bli med, evt. eldre søsken, får dei same billettpris som barna. Me møtast i Kongeparken kl.10.00 ved billettinngangen på venstre side. Der står ein av leiarane og delar ut billettane. De vil òg få en lapp der med mobilnummeret til leiarane. 

I Kongeparken kjem me til å ha ein "base" der det alltid vil sitte ein leiar. Det er utanfor sjokoladefabrikken. Det er dessverre ikkje mogleg for oss leiarar å følge kvart barn på ulike aktivitetar. Det er fint at dei avtaler å gå saman med nokon i parken. Barna kan ringe eller kome til "basen" vår om dei ønsker pause, snakke med oss eller om dei treng hjelp til noko. Barna får òg eit eige Mini-Mer-band slik at me lettare kan sjå kva barn som er «våre». 

De foreldre organiserer sjølv skyss til og frå parken. Barna hentast kl. 17.00 same plass. Me står sjølvsagt utanfor parken til alle barna er blitt henta. Vær presise både ved levering og henting. 

Parken tek ikkje lenger i mot kontantar. Har ein ikkje bankkort, kan ein kjøpa eit betalingskort inne på Bamsebotellet som ein kan nytta rundt i parken.

Påmelding og betaling skjer på vipps på nr. 746105 ved å betala for billetten/billettane. Merk med namn og antal!
Påmeldingsfrist er 16. mai. 

NB! 21. mai er sesongopning for Kongeparken, og det er venta mykje folk. Det er veldig viktig at de meld dykk på innan fristen for å vera garantert inngangsbillett!

Ta kontakt med Mari Ask Helland dersom du har nokre spørsmål.

Beste helsing
Mari Ask Helland
Tlf.: 92267251
E-post: mari.ask.helland@hakyrkja.no

Tilbake