For alle som er heime med barn i aldaren 0-5 år, onsdagar kl. 10.00 i partalsveker i festsalen ved kyrkjekontoret.
Baby- og småbarnssang skal vera ein god møtestad for både barn og vaksne. Alle er velkomne!
Dei vaksne som kjem på baby- og småbarnssang treng ikkje ha nokon form for musikalsk erfaring, eller evner for å delta. Her syng ein med den stemmen ein har, eller ein kan nynna stille med om ein ikkje er så glad i å syngja høgt. Sangen knytter barn og vaksne tettare saman, og ein skaper gode minner saman.
Det sosiale er ein viktig del av samlinga, og etter sangstunda et me medbrakt lunsj. Me finn fram leiker til barna og koker kaffe/te til dei vaksne. Baby- og småbarnssang skal vera ein møtestad kor me kan høyra og gjera, vera og læra, syngja og sansa, gynga og dansa - med ein himmel over livet.
Me møtes i festsalen ved Varhaug og Ogna kyrkjekontor (Ånestadvegen 12, 2. etg i bygget til SI bygg).
Onsdagar i partalsveker kl. 10.00. For deg som har lyst å vera lenger kan du delta på "Spød og Drøs" etter baby- og småbarnssang. .
Datoar hausten 2025:
Oppstart: 03. september
17. september
01. oktober
15. oktober
29. oktober
12. november
26. november
10. desember
Baby- og småbarnssang Varhaug er medlem av Søndagsskolen Norge, og me set pris på om de som deltek på samlingane kan vera med å betala årskontigent i vårt lag slik at både me, og Søndagsskolen Norge kan få støtte til arbeidet. Eit medlemsskap i Søndaggskolen Norge er sjølvsagt frivilleg! Trykk her for å bli medlem.
Ved å fylla ut dette registreringsskjemaet har me kontaktinformasjonen til dei som deltek på samlingane og kan gje direkte beskjed om det skulle oppstå endringar.
Følg oss gjerne på facebook! Informasjon rundt arrangementet vil bli lagt ut på gruppa "Baby- og småbarnssang Varhaug".
Har du spørsmål om Baby- og småbarnssang kan du ta kontakt med kyrkjelydspedagog Kathrine Håland Varhaug på e-post. eller mob: 456 04 250