Bli med på uhøgtideleg konkurranse.
Neste Quiz-kveld blir tysdag 26. april kl. 20 i Nærbø kyrkje! Me treffest i kjellaren i kyrkja, der Noas ark plar halde til.
Quiz er gildt og sosialt, og me lagar varierte spørsmål som passar for alle aldrar og kunnskapsnivå. Du treng ikkje ha eit quizlag for å delta - kom åleine eller saman med andre, så deler me inn i lag i kyrkja.
Arrangementet er gratis og opent for alle, og me serverer kaffi og noko å bite i.
Quizmasterar er ungdomsarbeidar Karina Fløysvik Hæåk og ungdomsprest Aksel Johan Lund.