Familiemiddag


Ta middagen i kyrkja.

 

Ein gang i månaden ønsker me å invitera familien - heile kyrkje-familien - til middag og sosialt samvær. Ein avslappa, uformell møteplass for heile familien, der ein i den stressande kvardagen kan sleppa å tenka på éin ting: Kva skal me ha til middag i dag? 

Du slepp handling, koking og oppvask, og kan etter måltidet sitja med kaffikoppen i god drøs, medan barna leikar i trygge rammer. Me samlast på fleksi-tid, når det passar best for kvar enkelt, i underetasjen mellom kl. 16 og 18, og har ei enkel andakt, eller ein bibelhistorie undervegs. 

Følgjande datoar er sett opp for våren 2022, men smittesituasjon og restriksjonar vil vera utslagsgivande for om kvar enkelt blir gjennomført, eller ikkje. Påmelding vil starta ei veke før kvar middag nedst i denne artikkelen.

  • 20. januar. Meny: Kjøttkaker - AVLYST
  • 17. februar. Meny: Komler - AVLYST
  • 31. mars. Meny: Komler
  • 2. juni: Meny kjem

Pris kr. 50 pr. vaksen, kr. 25 pr. barn. Me ønskjer helst at betaling skjer med Vipps, men kontantar er óg mogleg.

 

 

Tilbake