Lyst å vera med som sundagsskuleleiar?


 

Me treng leiarar i Sundagskulen Skattekista her i Nærbø Kyrkje og vil gjerne ha deg med på laget!

Skattekista er ein møteplass for alle barn som ynskjer å vera med! Maskoten vår, Kaninen, kjem fram på gudstenesta og følgjer barna ned i underetasjen der dei får vera med på tilpassa opplegg. Barna blir delt inn i fire grupper etter alder: 0-3 år, 4 år–1. klasse, 2.-4. klasse og 5.-7. klasse, og du kan få velja kva gruppa du vil vera på. 

Det er i utgangspunktet snakk om 2-3 sundagar i halvåret.

Vil du utforska Bibelen saman med barna, og vera med barna og voksa i trua si, ta kontakt med Anne Turid Varhaug, tlf. 93081297, anne.turid.varhaug@hakyrkja.no eller Mari Ask Helland, tlf. 92267251, mari.ask.helland@hakyrkja.no.

Tilbake