Tårnagent 2022


 

Hei, alle Tårnagenter!

 

Me treng deg, kjære agent, til å vera med å løysa oppdrag og mysterier i Nærbø kyrkje!

Derfor ønskjer vi alle 3. klassingar velkommen til Tårnagenthelg i Nærbø kyrkje laurdag, 5. og søndag, 6. februar 2022!

 

Agentmøtet laurdag startar kl.12 og held på til kl.16. Der vil agentane få utdelt kvar sin agentkoffert og agentbevis. Søndag treffest vi igjen kl.11:00 til Tårnagentgudsteneste. Klarer de agentar å løysa alle mysteriene… så får vi nøkkel til ei skattekiste!

 

Foreldre, sysken, familie og vener er også invitert til gudstenesta.

 

Me håper du har lyst til å vere med. Det kostar ingenting å delta.

 

For å melda deg på Tårnagenthelg, trykk her.
Frist for påmelding er tysdag, 25. januar.

 

Invitasjon vert send ut til alle som er døypte i Den Norske Kyrkje, men alle 3. klassinger er hjarteleg velkomne!

 

Helsing – fullt hemmeleg – frå oss i Nærbø kyrkje.

 

         Anne Turid, Mari ,Vidar og Ragnhild

                                                                   

Til føresette: Har de spørsmål, lyst til å vera med, eller treng tilrettelegging?

Ta kontakt på e post: anne.turid.varhaug@hakyrkja.no eller mobil 930 81 297

 

Tilbake