Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Frivillig på gudstenestane


Har du lyst å bli med?

Bli med på laget!
Kvar sundag er det mellom 10 og 15 frivilige i sving for å gjennomføra gudstenestane i Varhaug kyrkje.  Me har alltid rom for fleire frivllige.  

Har du lyst å bli med på laget?  Då kan du fylla ut dette skjemaet for å melda di interesse.

Her er ei enkel oversikt over dei frivillige oppgåvene me har

Klokkar

Les tekstar og bønner i gudstenesta.  Er med og deler ut nattverd.

Kyrkjevert

Tek imot konfirmantane som har teneste.  Hjelper dei med å ta imot dei som kjem til gudsteneste og til å samla inn takkoffer.  Om det ikkje er konfirmantar med er det kyrkjeverten som har desse oppgåvene.  Er med og vaskar særkalker under nattverden.

Kyrkjevert 2

Er med og vaskar særkalker under nattverden.

Dåpsvert

Tek imot dåpsfamiliane og hjelper dei å finna seg til rettes. 

Nattverdutdelar

Er med og deler ut nattverd, anten framme i alteret eller bak ved utgangen.

Sundagsskule

Har sundagsskule for barna under preika.

Prosjektor

Styrer prosjektorane med tekst og kamera.

Blomster

Har med buketter/oppsatser til gudstenesten som pynter alteret.

Kyrkjekaffi

Tek med bakst/frukt eller kjeks til kyrkjekaffien.  Lager klart og rydder opp etter kyrkjekaffi.

Forsangere

Er med og leder allsangen.

Musikere

Er med og spiller på gudstenestane.

Vasking av klutar

Tek klutar og filler som er brukt under dåp og nattverd med heim og vasker dei.

 

Gudstenesteliste med frivillige på nett
Er du med som frivllig til gudstenestane i Varhaug kyrkje?  Lurer på du på kva tid du skal væra med igjen, eller kva oppgåve du skal ha?  Fylg lenka under så kan du finna ut kva tid du er sett oopp igjen.

Gudstenesteliste med frivillige i Varhaug kyrkje

Denne lista er til ei kvar tid oppdatert - oppdager du feil kan du ta kontakt med dagleg leiar på e-post.

 

Credo app 
Her kan dei som har oppgåver knytta til gudstenestane i Varhaug få ein god oversikt over kva tid ein skal delta, kven andre som deltek, informasjon om gudstenestane m.m.  I appen kan ein lett og bytta datoar for oppdrag, legga ut forespørsel om å bytte og ta ledige oppgåver.  Appen er ganske sjølvforklarande, men ein kan og finna ei god bruksanvisning her.  For å få tilgang på appen må ein ta kontakt med dagleg leiar som oppretter ein brukar til kvar enkelt.  

 

Rutinar for dei ulike oppgåvene
Her kan de finna rutinar for dei ulike tenestane knytt til gudstenestane.

Rutinar for klokkar
Rutinar for kyrkjevert
Rutinar for dåpsvert
Rutinar for nattverdutdelar
Rutinar for kyrkjekaffi
Rutinar for teljing av offer

 

Tilbake