Det vert babysang annankvar torsdag i oddetalsveker nede i Noas Ark-rommet. Samlinga varer om lag 30 - 40 min. Me startar kl 10.00. Etter songen et me medbrakt matpakke i lag. Me tilbyr vatn, kaffi og te. Opplegget er slutt kl. 11.30.
Det er påmelding til kurset. Samla kurspris er kr. 50,- for 6 samlingar og fyrste samling er 14. september. Babysang er for spedbarn, og passar best frå ca 2 mnd.-1 år.
Skulle du vera uheldig og ikkje få meldt deg på til fyrste samling, er du likevel hjarteleg velkommen til å melda deg på dei andre samlingane.
Påmelding finn du her.
Barn elskar song og musikk!
Det er ikkje kvaliteten på songen som betyr noko, men det at ein syng. For barna er foreldra sin stemme knytt til tryggleik og godleik, og song er ein leikande måte å kommunisera på som kan vera med å knyta foreldre og barn tettare saman. I tillegg er musikk eit viktig reiskap for barnet si motoriske, emosjonelle og sosiale utvikling, og rim og regler fremmer språkutvikling.
Me ynskjer å kunna hjelpa foreldre til å fremma ein kvardag med song, musikk, rim og regler, og håper med Babysong å kunna gjeva foreldre gode verktøy til dette. Kurset har fokus på dei gode, gamle barne-reglene, små songar/songleikar og rim. Alt er tilpassa dei minste sine behov for nærleik, tryggleik og kos.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Connie Reime på mob: 954 54 491 (evt mail: connie.henriette.reime@hakyrkja.no)