Alle rettigheter 2019 Hå kyrkjelege fellesråd

Babysang og småbarnstrall


 

Velkommen til Babysang- og Småbarnstrall-kurs hausten 2019 i Nærbø kyrkje

Babysang og Småbarnstrall er to ulike kurs retta mot barn heilt i starten av livet. Ein treng ikkje å ha gjennomført det første kurset for å bli med på det andre. Begge kursa har fokus på dei gode, gamle barne-reglane, små songar/songleiker, rim, enkle dansar og deileg avslapning. Alt er tilpassa dei minste sine behov for nærleik, tryggleik og kos. 

Kurset har som mål å auka og inspirera til kosestunder med rim, reglar og små songar i kvardagen. I tillegg er det kjekt for både mor/far og barn å bli kjent med andre i same livsfase. 

Kurset går over 6 onsdagar i partallsveker og kvar samling er på ca. 40 minutt. I forkant og etterkant av kvar samling har vi ope i den opne barnehagen sine lokalar i underetasjen til sosialt samvær. Vi koker kaffi og te, og kvar enkelt tar med ein matpakke etter eige behov.

Meld deg på Babysang her, eller Småbarnstrall her.

Alle som deltek får med seg ein CD med songane vi brukar på samlingane, og på siste samling får alle barn eit kalligrafibilde av Toril Serigstad Opstad som kursbevis.

Følgjande tider gjeld for dei ulike kursa/aldersgruppene:

  • Småbarnstrall: 8 til16 månader gamle barn, frå kl.10.
  • Babysong: 0 til 8 månader gamle barn, frå kl. 11

Datoer for hausten 2019:

  • 18. september
  • 2. oktober
  • 16. oktober
  • 30.oktober
  • 13.november
  • 27. november

Meld deg på Babysang her, eller Småbarnstrall her.

Ønskjer du å skrive ut informasjonen?
Sjå flyeren: Babysang og småbarnstrall kurs

Tilbake