Er du ungdom over konfirmasjonsalder, som er med på frivillig arbeid i Nærbø kyrkje? Då er Kvilepuls staden for deg. Me kjem saman ein kveld i månaden for å eta god mat, vera sosiale og bli betre kjent med kvarandre, læra litt om oss sjølv og rolla som frivillig og leiar. På slutten av kvelden får me med oss ei andakt. Alt dette skjer utan at du skal gjera så mykje. Du skal berre komma, vera, lytta og læra - litt om deg sjølv, litt om Jesus, litt om å vera leiar.
Kvilepuls er ei vidareføring av follow me, eit nettverk me var med i frå 2016 til 2021. Sjølv om namner er nytt, er innhaldet mykje det samme. Me ønskjer òg å reisa på ein weekend i løpet av året. Meir info om den får dei som er med på Kvilepuls gjennom skuleåret.
Eit skuleår med Kvilepuls gjer verdifull erfaring du kan få god bruk for i livet, sjølv om me mest fokuserer på at dette er gøy og sosialt. Me ønskjer at samlingane er noko du bind deg til å vera med på og prioriterer. Det kostar 100 kroner i halvåret, og for dette får du god mat på kvar samling, leiartrenings-undervisning og alt det andre kveldane byr på. Weekenden vil ha eigen påmelding og eigenandel for dei som ønskjer å bli med.
Som deltakar på Kvilepuls blir du meldt inn i lokallaget vårt registrert i NMSU. På den måten får me Frifond-støtte frå staten, som saman med god støtte frå soknerådet gjer at me kan tilby dette så billeg som me gjer. I Kvilepuls kommuniserer me om oppmøte og annan informasjon gjennom appen Spond.