For dei som er 4 år i 2026.
Utdeling av 4-årsbok har lange tradisjonar i Den norske kyrkje. Kanskje du som forelder/føresett fekk 4-årsbok sjølv? Kanskje du har den ennå? I Ogna kyrkjelyd deler me ut «Bibelen for barn». Dette er ei fargerik bok, med enkel tekst og spanande forteljingar frå Bibelen.
Utdelinga skjer på familiegudstenesta sundag 20. september kl. 11:00, i Ogna kyrkje. Inviter gjerne med besteforeldre, sysken, tantar, onklar, fadrar og andre denne sundagen.
Lørdag 19. september kl. 11:00 har me samling i kyrkja, med song, forteljing og ein liten formingsaktivitet saman med barna. Dette er ei kjekk samling som varer i underkant av 1,5 time, og me ynskjer at barnet er i fylgje med ein vaksen. Dersom de som foreldre/føresette ikkje kan fylgja barnet på lørdagen og/eller sundagen, er dette ei flott anledning til å be ein av fadrane til barnet om å fylgja.
For at me skal ha oversikt over kor mange barn som kjem på samlinga, er det fint om de kan melda på barnet innan sundag 13. september. Påmelding finn de her.
Har de spørsmål, ta gjerne kontakt med kyrkjelydspedagog Ingeborg Løge Hølland på mail: ih258@kyrkja.no eller mobil: 410 86 089.
P.S.: 4-årsboka er open for alle som er 4 år i år, anten ein er medlem av Den norske kyrkja eller ikkje. Inviter gjerne med barnet ditt sine venner til samlingane. Hugs påmelding.