Alle rettigheter 2020 Hå kyrkjelege fellesråd

Tårnagenthelg i Varhaug kyrkje


Me treng deg, agent ...

 

NB! Før du begynner å lesa, må du veta at dette brevet er topp hemmeleg og kun må leseast av 3. klassingar, foreldre eller andre vaksne.

Me treng deg, til å væra med å løysa oppdrag og mysterier.

Difor ynskjer me alle 3. klassingar velkomne til
Tårnagenthelg i Varhaug kyrkje!

Varhaug har agentmøte fredag 31. januar kl. 17.00 – 20.00.
Vigrestad har agentmøte laurdag 1. februar kl. 11.00 – 14.00.

Sundag 2. februar kl. 11.00 vert det gudsteneste med løysninga av siste agentoppdrag.  Viktig at alle agenter møter då!

På agentmøtet vil agentane få utdelt kvar si agentmappe og eit agentbevis. Saman skal me løysa oppdrag, små og store. 
Klarer me alle?? 

Alle - foreldre, sysken, familie og vener er og invitert til gudstenesta på sundagen. 

Me håpar du har lyst til å væra med. Det kostar ingenting å delta.

Påmeldingsfrist er 24. januar.  Påmeldinga finn du her Du vil få e-post med meir hemmelig info – etter påmeldingsfristen.

Helsing – fullt hemmeleg – frå oss i Varhaug kyrkje

 

Til føresette:

Me ynskjer at alle barn som ynskjer å delta
på Tårnagentene skal få mulighet til det.  Tårnagentane er heilt
gratis, og det er ope for alle som går i 3. klasse på Varhaug og Vigrestad. 

Invitasjonen om tårnagentene vert kun sendt i posten til dei som er medlemmer eller tilhøyrige (mor eller far er medlem) i Den norske kyrkja.  Av den grunn er det nokre 3. klassingar som ikkje får denne informasjonen i posten.  Veit du om nokon som ville hatt informasjon kan du, eller dei, ta kontakt med kyrkjekontoret.

Har din Tårnagent behov for tilrettelegging, eller er det ting me bør vita om i forkant (sosiale behov, sjukdommar eller allergiar), slik at han/ho kan få det så kjekt som mogleg i kyrkja er det fint om de tek kontakt – eller skriv om det i påmeldinga. 

For å gjennomføra samlingane treng me mange frivillige.  Kan du tenka deg å væra med som frivllig krysser du av i påmeldinga.  Me treng gruppeledere på samlinga (de vil få god informasjon frå scene kva de skal gjera, og det er stort sett praktiske oppgåver de skal gjera i grupper på 6-8 barn) og kjøkkenhjelp (setje fram, og servere frukt, bollar og saft).

På gudstenesta på sundagen vil agentane få utdelt ei diplom for gjennomført agentoppdrag.  Ta med heile familien og kom på ei spennande agentgudsteneste i kyrkja.

Har de spørsmål, er det bare å  ta kontakt:  post@haa.kyrkja.no eller telefon 51 43 62 10.

 

 

Tilbake