Alle rettigheter 2019 Hå kyrkjelege fellesråd

Nærbø gamle kyrkje


 

 

Frå gammalt av var det to kyrkjestader i området, Bø og Njærheim. I 1834 vart det bygt ei ny kyrkje på Skjærpe, meir midt i bygda. Dei to gamle kyrkjesokna vart slegne saman til eitt nytt med namnet Nærbø. Namnet var konstruert av dei to gamle; Nærimb og Bø.
 

 

 

Kyrkja er teikna av slottsarkitekt Linstow og har plass til ca 330 personar.

Altertavla, laga av Peter Reimers i 1620. Ho kjem frå den gamle kyrkja på Bø. Glasmaleria i austveggen er måla av Benneche og laga av glassmester Larsen i 1934
 

Tilbake