Alle rettigheter 2019 Hå kyrkjelege fellesråd

Nærbø kyrkje


 

 

Nærbø kyrkje er vigsla 17. april i 2005. Kyrkja er teikna av Brandsberg- Dahls Arkitektkontor AS.
 

 

 

Kyrkja si grunnflate er ca. 760 m2 fullt innreidd i to etasjar. Kyrkjerommet har plass til 400 personar. I underetasjen er det kontor og aktivitetsrom.

Hovuddøra inn til kyrkja har kornaksmotiv. Akset viser til livets vekst, men også til Jesu ord: Om ikkje kveitekornet fell til jorda og døyr, ….
 
Når du kjem inn på kyrkjetorget, møter du Njærheim-steinen på veggen mot nord-aust. Steinen er frå vikingtida (ca. år 1000) og det er rissa inn eit kors på han. Dette er ei av dei eldste kristne symbola frå dette området. Steinen vart funnen på Njærheim ca 1900.

På andre sida av kyrkjetorget møter du lammet. Lammet symboliserer Kristus som vart ofra for våre synder. Lammet er laga i marmor av Gunnar Torvund.

I golvet i det vestre hjørnet av kyrkjetorget ligg fisken, laga av Gunnar Torvund i anortosittstein frå Hå. Fisketeiknet vart brukt blant dei første kristne som eit hemmeleg teikn på det kristne livet. Fisken er eit symbol for Kristus. Det greske ordet for fisk, ichtys, inneheld første bokstavane i dei greske orda for ”Jesus Kristus, Guds son, Frelsar”.

Dørene inn til kyrkjerommet har vatn som motiv.

Bak Njærheimsteinen ligg det stille rommet eller bønnekapellet. Her kan du ha ei stille stund eller be utan å bli forstyrra. Ikonet og Kristusfiguren er laga av Gunnar Torvund.

Kyrkjerommet har ein diagonal akse. Alteret er plassert mot aust. Bak alteret står den mektige altertavla som også er laga av Gunnar Torvund.

Altertavla har fire deler. Nedst er sjølve fundamentet – berget, ein stein som veg 12 tonn. Neste seksjon er hagen der ein kan assosiera både Getsemane og Edens hage. Den tredje seksjonen er den krossfesta Kristus, omkransa av kjende kristne symbol. Den fjerde og øvste seksjonen er Den Heilag Ande, som kjem ned frå lyset – symbolet på Gud.
Alter, døypefont og preikestol er teikna av Brandsberg-Dahls Arkitektkontor i samarbeid med Gunnar Torvund. Dei er laga i lønn. Lysestakane på alteret, dåpsfatet og prosesjonskorset er også laga av Gunnar Torvund.

Kyrkjetekstilane, - fire messehaklar og stola er laga av tekstilkunstnaren Bjørg Marit Bjørnevik.
 

Tilbake