Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Varhaug kapell


Varhaug gamle kyrkjegard er ein freda kyrkjegard som ligg nær havet i Hå kommune. Kyrkjestaden er frå mellomalderen og blir rekna som ein av dei vakraste kyrkjegardane i landet. Kyrkjegardskonsulent Helge Klingberg omtalar kyrkjegarden som eit jorde med gravminner, eit steingjerde, himmel og hav. Det er det heile. Fengslande. Den første kyrkja blei truleg reist rundt år 1200, og fleire forskjellige kyrkjer har stått på kyrkjegarden. Kapellet som står der i dag, Varhaug kapell, blei reist i 1951. Kapellet er vel 15 kvadratmeter stort, og har 14 jærstolar til å sitje på. Det lille kapellet blir ofte brukt til vigsler.

Tilbake