Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Gynge Lite Grann


Velkommen til Gynge lite grann i Ogna kyrkje måndagar i oddetalsveker kl. 10.00.

Velkommen til Gynge Lite Grann Baby- og småbarnstrall i Ogna kyrkje.

Dette tilbodet er for alle som er heime med små barn.  

Dei vaksne som kjem treng ikkje ha nokon form for musikalsk erfaring, eller evner for å delta.  Her syng ein med den stemmen ein har, eller ein kan nynna stille med om ein ikkje er så glad i å syngja høgt. Sangen knytter barn og vaksne tettare saman, og ein skaper gode minner saman.

Det sosiale er ein viktig del av samlinga, og etter sangstunda kan ein eta medbrakt lunsj. Me finn fram leiker for barna og koker kaffe/te til dei vaksne.  Dette skal vera ein kjekk møtestad kor me kan høyra og gjera, vera og læra, syngja og sansa, gynga og dansa.

Måndagar i oddetalsveker kl. 10.00.

Datoar hausten 2025:

25. august 
8. september
22. september
20. oktober
3. november
17. november
1. desember
15. desember

Gynge lite grann er medlem av Søndagsskolen Norge, og me set pris på om de som deltek på samlingane kan vera med å betala årskontigent på 50 kr. i vårt lag slik at både me, og Søndagsskolen Norge kan få støtte til arbeidet.  Eit medlemsskap i Søndaggskolen Norge er sjølvsagt frivilleg! Trykk her for å bli medlem.

Er det noko du lurer på? Ta gjerne kontakt på med Kathrine Håland Varhaug på mobil: 456 04 250 (evt epost: kathrine.varhaug@hakyrkja.no)

Tilbake