Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Fandriana Madgaskar


Kyrkjelyden på Varhaug har eit vennskapssamarbeid med den lutherske kyrkjelyden i Fandriana på Madagaskar. Difor vert kyrkja i Fandriana nemnt så godt som kvar einaste sundag i kyrkjebøna ved gudstenesta. På same måten vert det regelmessig bedt for kyrkja på Varhaug når folk er samla til gudsteneste i Fandriana på Madagaskar.

Frå tid til tid har kyrkjelyden på Varhaug gjeve vennskapskyrkjelyden eit lite økonomisk handslag i prosjekt dei har hatt. Det mest synlege er nok projektor og skjerm som gir anledning til å få salmetekstar opp på veggen for songglade gassarar.  Pengane har og gått til kyrkjebenker, fliser til golv, mursteinar til gjerde rundt tomta, m.m., men det som vart halde fram som det viktigaste, var å vera i lag om å syna menneske til den kristne trua og Han vi trur på.  Nå held dei på med ein kyrkjelydssal eller kyrkjestove som vi kallar det.

Fandriana er ikkje sentralt, verken i verda eller på Madagaskar. Difor vert det sett ekstra pris på å ha relasjonar til kristne i andre land. Det vert heller aldri gløymt at det var Det Norske Misjonsselskap som starta det som seinare vart til Fiangonana Loterana Malagasy, ei av dei største lutherske kyrkjene i verda med sine over 4 millionar medlemmer. Vi er med på noko stort når vi bidreg til misjon i verda.

Tilbake