Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Basar


Til inntekt for TCN Thailand

Den 25. september er det klart for ein heilt eineståande basar i Nærbø kyrkje. Ungdommen i followme har gått saman om å arrangera og har vedteke at basaren skal vera til inntekt for misjonsprosjektet TCN Thailand. I potten ligg mellom anna turar med colorline og fjordline, bilvask, kompost, coaching, fjossokka, lokale thailandske produkt, fotballdrakter og mykje meir! Det blir møte med lokalt band, tale og mat i tillegg til basaren. Det er berre å gle seg for stort og smått. Aldersgruppa 0-120 blir ønskt velkommen, så her er du ikkje for ung eller gammal!

Tilbake