Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Kyrkjelydsmøte


Sundag 4. oktober umiddelbart etter gudstenesta.

Innkalling til soknemøtet sundag 4. oktober umiddelbart etter gudstenesta.

Sakliste
- To til å signera protokollen frå møtet
- Grensejustering mellom Varhaug og Ogna sokn

 

Saksframlegg
Grensejustering mellom Varhaug og Ogna sokn.

På kyrkjelydsmøtet 8. mars i år vart det opplyst om at det føreligg ein avtale mellom Varhaug sokn, Ogna sokn og Stavanger bispedømme om at det frå 1.1.2026 er Varhaug sokn som har ansvar for det kyrkjelege arbeidet som skjer i Stokkalandsmarka.  Det har sidan denne avtalen vart inngått vore arbeidd for at dei som bur i Stokkalandsmarka og formelt skal tilhøyra Varhaug sokn då.  No har saka kome så langt at Stavanger bispedømmeråd har bedt kyrkjelydsmøtet i både Varhaug sokn og Ogna sokn samt sokneråda i begge sokn om å uttale seg om ei eventuell grensejustering kor dei som bur i Stokkalandsmarka vert inkludert i Varhaug sokn formelt sett og.  Det vil seie at dei blant anna kan stemme på soknerådet i Varhaug sokn ved valet i 2027 - og at dei er valbare til soknerådet for Varhaug sokn. Dei vil og ha stemmerett på kyrkjelydsmøte i Varhaug sokn om denne endringa trer ikraft.

Varhaug sokneråd har over lengre tid arbeidd med saka, og på møtet 15.11.2024 kom dei med denne uttalen til Hå kyrkjelege fellesråd og Stavnager bispedømeråd:

Arbeidet i Stokkalandsmarka bør drivast av Varhaug sokn ut frå at innbyggarane i Stokkalandsmarka naturleg trekker til Varhaug sokn, då skulegrensene ikkje samanfalle med soknegrensene. Om Varhaug sokn overtek ansvaret for Stokkalandsmarka:  
- Skal ein ein eventuell framtidig tilsett i Stokkalandsmarka ha stabsfellesskap med dei andre tilsette i Varhaug sokn og arbeida saman med dei tilsette der for å utvikla arbeidet strategistk ut frå dei behov og ynskjer som.
- Bør ein finna gode løysingar for at alle som er busett i Stokkalandsmarka slik at dei får fullt tilhøyre til Varhaug sokn. Dette for å sikra at dei ein skal betena har påvirkningskraft på arbeidet gjennom både kyrkjelydsmøte og val av sokneråd i Varhaug sokn.

Forslag til vedtak
Varhaug sokn ynskjer ei grensejustering mellom Varhaug og Ogna sokn som samanfaller med skulegrensene slik at dei som er busett i Stokkalandsmarka får fullt tilhøyre i Varhaug sokn.

Tilbake