Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Testamenterte gåver


Arv og testamentariske gåver

«Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua», skriv Paulus i 2 Tim 4,7. Mange ønskjer at den gode striden skal kjempast vidare også etter deira eige avslutta løp. Om du har tru på arbeidet vårt for Nærbøs barn, unge, veksa og eldre, så kan du inkludera Nærbø kyrkje i testamentet ditt. Me sikrar at gåva di vil gå rett til arbeidet for at Noregs framtidige generasjonar vil få høve til å kjenna Jesus og følgja han.

 

Korleis gjer ein det? Det er nok langt enklare enn du trur. Her følgjer ei rask innføring: https://www.youtube.com/watch?v=1Tgy7bJFqTc&t=32s

 

Kvifor skriva testamente?

Det finst mange gode grunnar til å setja opp eit testamente tidleg. Arvelova sikrar at familien din er sikra, men deretter har du eit godt høve til å investera inn i hjartesakene dine. For å gjera det, må du skriva eit testamente.

Nærbø kyrkje har ei lang og solid historie der ein i alle år har vore heilt avhengig av dugnadsånda og den lokale givargleda. Ein samla inn midlar og jobba på dugnad i 30 år for å byggja kyrkja. Me har over lang tid vore ein av dei største og mest aktive kyrkjene i Rogaland og er heilt avhengig av vidare støtte for å kunna halda fram dette arbeidet. I ei tid der den offentlege støtta minskar er me desto meir avhengige av givarglede frå den lokale befolkninga. Me har i tillegg med litt ujamne mellomrom teke imot testamentariske gåver som bidreg enormt og t.d. har finansiert eit orgel i Nærbø gamle kyrkje. Me driv eit levande og aktivt arbeid i kyrkja der me kvar dag er i kontakt med veldig mange menneske i alle aldrar. Me får gå med menneske i alle aldrar som blir utrusta og disippelgjorde. Med gåva di kan me vera i stand til å satsa endå større og no endå fleire i mange år framover. Ei gåve til Nærbø kyrkje vil ikkje berre bidra til eit enkelt prosjekt som t.d. ei ny stilling eller utbygging av kyrkja. Det vil bidra til noko heilt sentralt, nemleg stabilitet, berekraft og utrusting framfor åra som kjem med mindre og mindre støtte frå det offentlege. Vil du halda fram med å stå saman med oss inn i framtida?

 

Last ned døme på testamente

 

Om du har spørsmål eller ønskjer hjelp, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss på bn244@kyrkja.no eller per telefon.

Det finst også mykje god hjelp her: Det gode testamentet

 

 

Photo by Álvaro Serrano on Unsplash

Tilbake