Me reiser til Kongeparken!
Laurdag 6. juni reiser Skattekista søndagsskule, KyrkjeDisko, Gloria og Fredagstweenz til Kongeparken!
Ein billett kostar 299,- for medlemmer (under 15 år i eit av tiltaka våre) og 399,- for ikkje-medlemmer. Barn under 90 cm går gratis inn i parken. Smør matpakke til barna eller send med pengar til mat. Det blir en lang dag😉 Har nokon av foreldra, evt. eldre søsken over 15 år lys til å være med, får dei same billettpris som ikkje-medlemmer. Har du årskort er du velkomen til å bli med denne dagen, de treng då ikkje melde på via oss.
Me møtast i Kongeparken kl. 10.00 ved billettinngangen på venstre side. Der står ein av leiarane og delar ut billettane. De vil òg få en lapp der med mobilnummeret til leiarane.
Ikkje medlem? Gå til kyrkja sin vipps (127324) og velg den kategorien ditt barn tilhøyrer (Skattekista, kyrkjedisko, gloria eller freedagstweenz). Viktig å merke at betalinga for park-billetten IKKJE skal her - kun 50,- for medlemskapet. Merk med barnets namn, fødselsår og adresse. Det holder at du er medlem i eit av tiltaka, men alle barn under 15 år må ha medlemskap for å få medlemspris på park-billetten.
I Kongeparken kjem me til å ha ein "base" der det alltid vil sitte ein leiar. Det er utanfor sjokoladefabrikken. Det er dessverre ikkje mogleg for oss leiarar å følge kvart barn på ulike aktivitetar. Kan dei ikkje gå åleine, må vaksne være med eller avtalast å gå saman med nokon i parken. Barna kan ringe eller kome til "basen" vår om dei ønsker pause, snakke med oss eller om dei treng hjelp til noko. Barna får òg eit eige band på armen slik at me lettare kan sjå kva barn som er «våre».
De foreldre organiserer sjølv skyss til og frå parken. Barna hentast kl. 17.00 same plass. Me står sjølvsagt utanfor parken til alle barna er blitt henta. Vær presise både ved levering og henting.
Parken tek ikkje lenger i mot kontantar. Har ein ikkje bankkort, kan ein kjøpa eit betalingskort inne på Bamsebotellet som ein kan nytta rundt i parken, men husk at du ikkje vil få igjen pengar som står igjen på kortet.
Påmelding og betaling skjer på vipps på #128194 (Tur til kongeparken 6.6.26) ved å betala for billetten/billettane. Merk med namn og antal!
Påmeldingsfrist er 4. juni.
Det er veldig viktig at de meld dykk på innan fristen for å vera garantert inngangsbillett!
Ta kontakt med Anne Turid eller Connie Henriette dersom du har nokre spørsmål.
Beste helsing