Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Hele Norge ber


Bli med i bønn for Norge i 2026

I 2026 er det utlyst eit bønneår for landet vårt.  Kyrkjelydar, organisasjonar og ungdomsarbeid over heile landet er oppfordra og utfordra til å gå saman og be for landet vårt uavbrutt gjennom heile 2026.  
Me erfarer, og høyrer om, menneske som søker Gud og hans nærvær – særleg blant dei unge.  Unge som i møte med evangeliet får livet sitt forandra – som investerer tida si i bønn og som vitner frimodig om trua si.

Trygve Bjerkreim skreiv «Det er makt i de folede hender».  La oss bruka året som kjem på bønn – på å la Gud virka gjennom oss og våre bønner.  På å stå saman i bønn for bygdene våre, for kristne kyrkjelydar, forsamlingar og enkeltpersonar.  Stå saman i bønn for samfunnet me er ein del av både lokalt og nasjonalt.  I bønn om ein vekkelse blant oss.

Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.  Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.  1.Joh 5,14-15

Bønn gjennom året
Bønnearbeidet er noko som skjer konituerleg – som me kan gjera åleine og saman med andre.  Me vil oppfordra deg til å ta del i bønnearbeidet heile året. 
Varhaug sokn har bønnebrev for arbeidet som skjer.  Dette finn du på her.
Kvardagsbøn er ei bønnesamling i Festsalen ved kyrkjekontoret annakvar tysdag frå kl. 12.00.  Her bruker me tidebøner frå salmeboka eller liknande.  Det vil vere eit par salmar, og det vert lese ein bibeltekst med påfylgjande stillheit for meditasjon. Me åpner og for å dele bøneemner som ein ber for i fellesskap. Etter samlinga er det mogeleg å få seg ein kopp kaffi.

Felles bønneveke på Varhaug
Frå 9. juni til 14. juni går  Varhaug kyrkje, Sentrum menighet og Varhaug misjonskirke saman om å be uavbrutt for bygdene våre og landet vårt.  Det vil væra bønnerom på Varhaug misjonshus kor det vil væra lagt til rette for denne bønneveka med plaktar med bønneemner, litteratur, tips til korleis ein kan be m.m.  Det er allereie no mogeleg å leggja inn kva tid ein ynskjer å ha bønnetid.  

Book tid i bønnekalenderen her.

Denne veka vert det og to arrangement i tilknyting til felles bønneveke.

Tirsdag 9. juni vil det være åpent bønnehus på Ueland Forsamlingshus
Kl. 18.00 – Dørene åpner
Kl. 19.00  - Felles bønn for Rogaland på parkeringsplassen
Kl. 20.30 - 21.30 Bønnemøte
Kl. 22.00 - Tur til og felles bønn på Snøden, oppmøte på Holmavatn.
Mulighet for å be på forsamlingshuset heile kvelden.

Torsdag 11. juni bli det bønnevandring på Varhaug
Kl. 18.00 - Oppmøte Varhaug Misjonshus 

Laurdag 13. juni blir det lovsangskveld i regi av Varhaug kristelige ungdomslag
Kl. 20.00 - Varhuag misjonshus

Sundag 14. juni blir det felles avslutning av bønneveka
Kl. 21.00 - 24.00 - Varhaug misjonshus


Bildet er med tillatelse frå Hele Norge ber.
 

Tilbake