Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Smågruppe / bibelgruppe


Har du lyst å bli med?

Varhaug sokneråd har som visjon «Himmel over livet».  
Soknerådet ynskjer å væra med å gje folk i bygdene våre ein himmel over livet—alle livets dagar.

Eit av fokusområda er å leggja til rette for at medlemmane av kyrkjelyden får eit fellesskap i kvardagen.  

Ein del har kanskje eit ynskje om å få væra ein del av ei smågruppe eller ei bibelgruppe—og me ynskjer å leggja til rette for danning av grupper for dei som ynskjer å delta i ei.
Ei smågruppe / bibelgruppe vil væra frivillig drevet, gruppa vert sjølv samde om kor ofte ein møtes, kor ein møtes, kva opplegg ein nyttar og kva ein vil kalla gruppa.

Ved å svara på denne lille undersøkelsen kan me få eit innblikk i om det er personar i bygdene som ynskjer å delta i smågruppe / bibelgruppe.  Dersom mange svarar positivt vil stab kontakta dei som har svart og høyra om det er aktuelt å bli med i ei gruppe før ein set saman grupper og deler kontaktinfomrasjon til dei som skal væra i den enkelte gruppa.

Svara er ikkje bindande og det er berre stab som håndterer svara.
 

 

Foto Sincerley Media, Unsplash.com

Tilbake