Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Simon i Australia


Simon Auklend frå Vigrestad er engasjert i Ungdom i Oppdrag, og er for tida i Brisbane, Australia.  I denne artikkelen får du vita litt meir om det arbeidet han er engasjert i.

Ungdom i Oppdrag arbeider rundt om i verda med å spre Guds evangelium til alle folkeslag – å kjenne Gud og å gjere han kjent. Dette blir gjort gjennom evangelisering, trusopplæring og misjonstrening, og diverse hjelpearbeid. Her  på basen i Brisbane er det stort fokus på å nå nabolaget rundt oss, rurale landsbyar i Australia, og land i Øst-Asia og Stillehavet.

Ein viktig del av UiO sitt arbeid er disippeltreningsskular, eller DTS. Over et halvt år får ungdommar og unge vaksne frå alle verdas kantar mulighet til å lære meir om Gud, seg sjølv, kristenlivet, kultur og misjon. Fra september til april er Simon med i stabsteamet på ein DTS, og kor det er 20 ivrige studentar frå ti ulike land med. For fleire er det starten på eit langt misjonsliv, for andre er det ei viktig, karakterbyggande tid før vidare studier og karriere.

Kvar veke på DTSen er det forelesningar, diskusjonsgrupper, aktiviteter i nærmiljøet og gateevangelisering. Foreløpig er hovedrollen til Simon å vere mentor for et par av studentane og å vere “til stede”, men i januar og februar skal han lede ei gruppe på seks over til øynasjonen Vanuatu. Der vil dei gjennom variert misjonsarbeid tjene dei lokale, og sette i verk det som vart lært på basen før jul.

Ta gjerne kontakt om du vil høyra meir eller får jamnlege oppdateringar på det Simon held på med.  Du kan kontakta han på e-post.
Det er og mogeleg å støtta det arbeidet han gjer økonomisk - meir informasjon om dette får du gjennom å kontakt han.

Du kan lesa meir om YWAM Brisbane ved å følgje denne lenka.
 

Tilbake