Varhaug sokn driv eit stort og variert arbeid. Frå vugge til grav. Dei aller fleste aktivitetane me driv er gratis å delta på, og slik ynskjer me det skal væra i framtida og. Me treng og ein dyktig stab som kan driva ein del av arbeidet, samt væra ei god støtte for alle dei frivillige som er med i arbeidet.
Å ha faste gjevarar til arbeidet gjev soknerådet ein økonomisk forutsigbarhet - difor er me avhengige av faste gjevarar.
Du kan sjå gjevartenestebrosjyra vår her.
Har du lyst, og anledning, til å bli med som fast gjevar?
Det er to måtar å verta fast gjevar til arbeidet:
- Gå inn i VIPPS #52841. Der kan du velja å gje ei enkeltgåve eller oppretta eit fast månadleg trekk.
- Opprett eit fast trekk til 3335.27.29766.
Det som kjem inn som gjennom VIPPSnr #52841 og via bank til kontornr 3335.27.29766 gjev rett til skattefrådrag og vil bli rapportert til skatteetaten.
Har du spørsmål om gjevarteneste, ta kontakt med kyrkjekontoret på e-post eller telefon 51 43 62 10.
Photo by micheile henderson on Unsplash