Hå Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Konsert med GinoBless


29. september kl. 19.00 i Varhaughallen.

Velkommen til konsert med GinoBless på Varhaug! Bergenseren er kjent blant anna med foreningen «Tør Å Si Det», han driver plateselskap, har foredrag om psykisk helse og mobbing, og har vore synlig som artist både på store og små scener rundt i Noreg. Han vil gjennom musikk og vitnesbyrd formidle det som ligg han på hjertet. 

Gino's historie handler om ein liten gutt som følte seg lite verdifull og elska gjennom ein oppvekst med alle odds i mot seg.  Pappa slet med rus og var ikkje tilstades i opptveksten.  Mor fekk det tøft psykisk og Gino vart overlatt til seg sjølv med vonde traumer som ingen voksne såg.
Med fleire tøffe år i bagasjen, så vart Gino frelst som 16 åring i England på ein kristen festival.  Han fekk flytte inn i ein kristen forsterheim og dette vart starten på eit nytt liv.
Det er og ei hisotire om ein mann som i dei seinare år har forstått at han er elska av Gud, og som våger å følge drømmene sine 100%.  Vil du bli betre kjent med GinoBless kan lesa meir om han her.

Musikken er i stilen rap/hip hop, og vi lover "god gang"! Dette vil vere ein flott konsert-opplevelse, med fokus på psykisk helse og trua på Jesus. Kvelden er for både unge og gamle. Inviter med deg ein venn eller to, og kom til Varhaughallen denne kvelden!

Billetter kjøpes her.

"Alt er mulig for den som tror og utfordringer gir rom for vekst"

Konserten er eit samarbeid mellom Sentrum Menighet, Varhaug kyrkje og Varhaug misjonskirke.

Tilbake