Musikalsk leiar og kyrkjelydspedagog søkes
Foto: Torgeir Hauge
Etter 7,5 år som musikalsk leiar i Nærbø kyrkje går ikkje kantor Ragnhild Elisabeth Hoel langt når ho byter arbeidsstad. Ho blir verande i Hå, men tek over som kantor og organist i Varhaug kyrkje etter Morten Helvig, som går av med pensjon.
Byte av arbeidsstad for Ragnhild vil etter planen skje i midten av oktober, og stillinga som musikalsk leiar i Nærbø er no lyst ut. Me sørger over å mista Ragnhild, og håper samtidig på mange gode og spennande søkarar til ei stilling som krev breidde og allsidighet for musikkbehovet i kyrkjelyden.
Éin ting er at me har eit av dei beste orgla i regionen, men Nærbø kyrkje er òg ein kyrkjelyd der ulike gudstenesteformer tyr til variert musikalsk uttrykk. Ved sida av å kunna boltra seg på orgelet, bør ein òg ha evna til å jobba saman med frivillige inn mot band- og forsanger-teneste, og dessutan bidra inn mot trosopplæringas behov.
Fleire ledige stillingar
I sommar har òg kyrkjelydspedagog Mari Ask Helland takka av, og denne stillinga har heller ikkje vorte besett etter første utlysningsrunde. Trusopplæringsteamet i staben ventar spent på å legga kabalen for arbeidet vidare, men har for hausten funne løysingar, der mellom anna Solveig Høyland går inn og tek Babysang. Solveig er til dagleg tilsett i Ogna sokn.
Ser vi på heile Hå er det no fleire spennande stillingar ledige. I tillegg til dei nemnde utlysningene skal det tilsetjast ny kyrkjelydsutviklar/kyrkjelydsprest i Stokkelandsmarka, etter at Lars Slettebø slutta i vår. Også her vil det for den rette søkaren vera eit enormt potensiale for å bygga relasjonar og arbeid midt inne i eit stort bustadområde, i lokale som spent ventar på å bli tilpassa ønskt aktivitet.
Me håper fleire vil vera med å dela utlysningene til venner og kjente dei kan tenka seg vil passa til desse stillingane. Som stab ønsker me kyrkjelyden med på å sjå på behov og løysingar, og saman vil vi bygga vidare på eit flott kyrkjelydsarbeid.
Sjå meir: