Om oss

Stokkalandsmarka
GJEVARTJENESTE

Vil du støtte arbeidet i Varhaug kyrkje?

Les meir...

Påmeldingar
Sokneråd

Varhaug sokneråd:

Einar Steen Jakobsen (leiar) Send e-post
Reidar Varhaug (nestleiar)
Ståle Ånestad
Oddmund Vagle
Inger Varhaug
Kristian Lima
Gunnar Siqveland

Tor Egil Mong (møter fast)
Gaute Ø. Rasmussen (sokneprest)
Turid Boganes (dagleg leiar)

Vararepresentantar:
Torunn Rogn Lerbrekk (møter fast)
Anne Marie Reisæter Hausken
Lars Jan Nord-Varhaug
 
Møtereferater finn du her.

Visjon for Varhaug Kyrkje

Visjon: I Kristus, nær livet
-ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje.

Varhaug kyrkje



Varhaug kyrkje vart bygd på Odland i 1904 etter teikningar av Hartvig Sverdrup Eckhof.

Kyrkjestaden i Varhaug var, og hadde i uminneleg tid vore, ved sjøen på garden Varhaug. Dette var geografisk eit hjørne av soknet, og på slutten av 1800-talet kom det fram ynskje om å flytta kyrkja til ein meir sentral stad. Første gong ein ser saka omtala i kommunestyredokument er 11. desember 1888.

Av ting som er tekne med frå den gamle kyrkja, kan me nemna altertavla, preikestolen og døypefonten. 

Altertavla er frå 1609, og er laga av Thomas Snekker. Peter Reimers har måla henne. Altertavla er restaurert i 1939. Preikestolen er laga av Tallak Gudmestad og teikna av Linstow. Døypefonten er og teikna av Linstow, og den er laga av Torger Husveg. Noko kyrkjesølv, ei lita lysekrone og nokre lysestakar kjem og frå den gamle kyrkja.

I samband med Varhaug kyrkje sitt 100-års jubileum i 2004, vart det gitt ut ei bok om Varhaug kyrkje. Ta kontakt med kyrkjekontoret eller ta med deg eit eksemplar frå våpenhuset i Varhaug kyrkje. Boka er gratis.

Varhaug kapell



Varhaug gamle kyrkjegard er ein freda kyrkjegard som ligg nær havet i Hå kommune. Kyrkjestaden er frå mellomalderen og blir rekna som ein av dei vakraste kyrkjegardane i landet. Kyrkjegardskonsulent Helge Klingberg omtalar kyrkjegarden som eit jorde med gravminner, eit steingjerde, himmel og hav. Det er det heile. Fengslande. Den første kyrkja blei truleg reist rundt år 1200, og fleire forskjellige kyrkjer har stått på kyrkjegarden. Kapellet som står der i dag, Varhaug kapell, blei reist i 1951. Kapellet er vel 15 kvadratmeter stort, og har 14 jærstolar til å sitje på. Det lille kapellet blir ofte brukt til vigsler.

Kapellet er ope kvar søndag frå Palmesundag til Allehelgensdag.

SISTE NYTT

Småbarns- og babysang

i Stokkalandsmarka vellags-hus annenhver onsdag kl. 10.00 og 11.30.

Menighetsweekend for Varhaug sokn

18.-20.jan 2019 på Tonstadli

Konfirmantpåmelding 2018/19

Påmelding til konfirmasjon i Varhaug kyrkje.

Medlemskap

Inn- og utmelding av den norske kyrkja

Kalender


DET SKJER FOR BARN OG UNGE

Menighetsweekend for Varhaug sokn

18.-20.jan 2019 på Tonstadli    Les meir...

B-tweens

B-tweens er for jenter i 5.-7. kl.    Les meir...

Sundagsskulen

Bli med på sundagsskulen i Varhaug kyrkje!    Les meir...

Gloria dansegruppe Varhaug

   Les meir...

Konfirmasjonsdatoer 2018-2022

   Les meir...

Det skjer for vaksne

Hjelp i sorg og kriser

   Les meir...

Støttegrupper ved samlivsbrot

   Les meir...

Bønneteneste

   Les meir...

Pilegrimsvandringar

   Les meir...