Om oss

Påmeldingar
GJEVARTENESTE

Nærbø kyrkjelyd har fleire ulike gjevartenesteprosjekt.Finn det du ynskjer å vera med å støtte, og du er velkommen til å bli fast gjevar.

Les meir...

Sokneråd

Soknerådet har disse medlemmene:

Nærbø sokneråd 2016 – 2019

Gunvor Berge Risa (leiar) gunvor.berge.risa@gmail.com
Svein Helge Harbo (nestleiar) sh.harbo@lyse.net
Lars Sigurd Tjelle (sokneprest)  lstj@haa.kyrkja.no
Henriette Mjåtveit
Ann Helen Endeve Sembsmoen
Nils Jørgen Fossdal
Magnus Østby
Håkon Høyland
Karen - Elise Gilje Fossen

1. varamedlem: Marianne Espedal

2. varamedlem: Jofrid Vigre Braadland

3. varamedlem: Aud Irene Bjørløw

 

For nærmere kontakt:

Kari Torland (daglig leder)  kato@haa.kyrkja.no

Møtereferat finner du her

Visjon for Nærbø kyrkje

NÆRBØ KYRKJELYD
-levande tru, varme og fellesskap

LEVANDE: 
Liv, lovsong, bøn, glede, sorg og sakn..... vi møtest med ulik alder og bakgrunn i Nærbø kyrkje.  Vi får kome til Gud som vi er.

TRU:
Kyrkja skal vere ein stad for alle. Vi kan kome  med heile livet vårt.  I ein travel kvardag som krev mykje av oss, kan gudstenesta gi kvile, nye krefter og tru på Jesus Kristus.

VARME: 
Vi trur på ein Gud som bryr seg om oss.  Vi ønskjer  å formidle Guds kjærleik i handling. Dette er diakoni – å vise menneske Guds omsorg.

FELLESSKAP: 
Kyrkja skal vere ein stad å møte Gud, ein stad for fellesskap og møte med nye menneske.

Nærbø kyrkje

 

 

Nærbø kyrkje er vigsla 17. april i 2005. Kyrkja er teikna av Brandsberg- Dahls Arkitektkontor AS.
 

 

 

Kyrkja si grunnflate er ca. 760 m2 fullt innreidd i to etasjar. Kyrkjerommet har plass til 400 personar. I underetasjen er det kontor og aktivitetsrom.

Hovuddøra inn til kyrkja har kornaksmotiv. Akset viser til livets vekst, men også til Jesu ord: Om ikkje kveitekornet fell til jorda og døyr, ….
 
Når du kjem inn på kyrkjetorget, møter du Njærheim-steinen på veggen mot nord-aust. Steinen er frå vikingtida (ca. år 1000) og det er rissa inn eit kors på han. Dette er ei av dei eldste kristne symbola frå dette området. Steinen vart funnen på Njærheim ca 1900.

På andre sida av kyrkjetorget møter du lammet. Lammet symboliserer Kristus som vart ofra for våre synder. Lammet er laga i marmor av Gunnar Torvund.

I golvet i det vestre hjørnet av kyrkjetorget ligg fisken, laga av Gunnar Torvund i anortosittstein frå Hå. Fisketeiknet vart brukt blant dei første kristne som eit hemmeleg teikn på det kristne livet. Fisken er eit symbol for Kristus. Det greske ordet for fisk, ichtys, inneheld første bokstavane i dei greske orda for ”Jesus Kristus, Guds son, Frelsar”.

Dørene inn til kyrkjerommet har vatn som motiv.

Bak Njærheimsteinen ligg det stille rommet eller bønnekapellet. Her kan du ha ei stille stund eller be utan å bli forstyrra. Ikonet og Kristusfiguren er laga av Gunnar Torvund.

Kyrkjerommet har ein diagonal akse. Alteret er plassert mot aust. Bak alteret står den mektige altertavla som også er laga av Gunnar Torvund.

Altertavla har fire deler. Nedst er sjølve fundamentet – berget, ein stein som veg 12 tonn. Neste seksjon er hagen der ein kan assosiera både Getsemane og Edens hage. Den tredje seksjonen er den krossfesta Kristus, omkransa av kjende kristne symbol. Den fjerde og øvste seksjonen er Den Heilag Ande, som kjem ned frå lyset – symbolet på Gud.
Alter, døypefont og preikestol er teikna av Brandsberg-Dahls Arkitektkontor i samarbeid med Gunnar Torvund. Dei er laga i lønn. Lysestakane på alteret, dåpsfatet og prosesjonskorset er også laga av Gunnar Torvund.

Kyrkjetekstilane, - fire messehaklar og stola er laga av tekstilkunstnaren Bjørg Marit Bjørnevik.

Nærbø gamle kyrkje



Frå gammalt av var det to kyrkjestader i området, Bø og Njærheim. I 1834 vart det bygt ei ny kyrkje på Skjærpe, meir midt i bygda. Dei to gamle kyrkjesokna vart slegne saman til eitt nytt med namnet Nærbø. Namnet var konstruert av dei to gamle; Nærimb og Bø.

Kyrkja er teikna av slottsarkitekt Linstow og har plass til ca 330 personar.

Altertavla, laga av Peter Reimers i 1620. Ho kjem frå den gamle kyrkja på Bø. Glasmaleria i austveggen er måla av Benneche og laga av glassmester Larsen i 1934

SISTE NYTT

Velkommen til Dåpsskulen 2018

Meld på til Dåpsskulen her.

Dåp - himmel over livet

Lurer du på hva dåpen er? Se her.

Prostitur til Thailand

Prostitur til nydelige Thailand - for Sandnes og Jæren prostier.

Medlemskap

Inn- og utmelding av den norske kyrkja

Kalender


DET SKJER FOR BARN OG UNGE

Gloria dansegruppe Nærbø

   Les meir...

Babysong og småbarnstrall

i Nærbø kyrkje    Les meir...

Noas Ark - Open barnehage

Velkommen til Noas ark open barnehage!    Les meir...

Skattekista

   Les meir...

Mini-Mer

Her finner du program for 201 8. Klikk her for påmelding.    Les meir...

Konfirmasjonsdatoer 2018-2022

   Les meir...

Det skjer for vaksne

Hjelp i sorg og kriser

   Les meir...

Støttegrupper ved samlivsbrot

   Les meir...

Bønneteneste

   Les meir...

Onsdagskaffien

   Les meir...

Pilegrimsvandringar

   Les meir...

Gudstenester

for alle og tilrettelagt for mennesker med utviklingshemming    Les meir...

Samlivskurset "To på samme kurs"

   Les meir...

Visitasfpredrag Nærbø sokn 2016

Her kan du lese Biskopens rapport fra Bispevisitasen i Nærbø sokn 8.-13. mars 2...   Les meir...