:: Logg inn 

Velkommen til kyrkjene i Hå!

   
 juli 24, 2014  
 Om kyrkjeneVarhaug kyrkje   
Velg kyrkjelyd Minimer
 
Om Varhaug kyrkje Minimer

  

Varhaug kyrkje

Varhaug kyrkje vart bygd på Odland i 1904 etter teikningar av Hartvig Sverdrup Eckhof.

Kyrkjestaden i Varhaug var, og hadde i uminneleg tid vore, ved sjøen på garden Varhaug. Dette var geografisk eit hjørne av soknet, og på slutten av 1800 talet kom det fram ynskje om å flytta kyrkja til ein meir sentral stad. Første gong ein ser saka omtala i kommunestyredokument er 11. desember 1888.

Av ting som er tekne med frå den gamle kyrkja, kan me nemna altertavla, preikestolen og døypefonten. 

Altertavla er frå 1609, og er laga av Thomas Snekker. Peter Reimers har måla henne. Altertavla er restaurert i 1939. Preikestolen er laga av Tallak Gudmestad og teikna av Linstow. Døypefonten er og teikna av Linstow, og den er laga av Torger Husveg. Noko kyrkjesølv, ei lita lysekrone og nokre lysestakar kjem og frå den gamle kyrkja.

I samband med Varhaug kyrkje sitt 100-års jubileum i 2004, vart det gitt ut ei bok om Varhaug kyrkje. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å kjøpe boka, eller ta med deg eit eksemplar frå våpenhuset i Varhaug kyrkje. Boka kostar nå kr 25,-.

 
Kontakt oss Minimer
 
 Powered by LabOra - Agrando AS   Betingelser for bruk  Uttalelse om privatliv