Konfirmasjon i Nærbø kyrkje

Konfirmasjon i Nærbø kyrkje

Velkommen som konfirmant i Nærbø kyrkje

Alle 2004-modeller som er medlem, eller tilhøyrande, i kyrkja skal nå ha fått invitasjon i posten til å vera med som konfirmant komande skuleår. Dersom nokon ikkje har fått, men ønskjer å konfirmere seg i kyrkja, er dette ingen problem. Alle gjer det same videre: Gå til registreringsskjema og fyll inn all informasjon. Deretter blir ein ført direkte til ei betalingsside, og når ein har gjennomført denne kjem det ein automatisk bekreftelse på e-post.

Dersom du ikkje har motteke invitasjonsbrosjyren, kan du sjå ho her.

Det vert informasjonsmøte om konfirmantåret for dei som ønskjer å vete meir tysdag 29. mai kl. 18-19.

Tysdag 21. august kl. 18-19 blir alle påmeldte konfirmantar og foreldre kalt inn til eit oppstartsmøte. Mykje info vil bli gjeve her, så sett av datoen allereie nå.

Sjølve konf-undervisninga starter i veke 35, etterfulgt av presentasjonsgudsteneste søndag 2. september, som er obligatorisk oppmøte til.

Prisane for konf-året 2018/2019 er: 

  • Kr. 600,- for kun undervisning og konfirmasjon
  • Kr. 240,- i tillegg for eit eksemplar av konfirmasjonsbilede me tek på våren av alle konfirmantane samla
  • Kr. 1.200,- i tillegg for weekend 7.-9. september

Vi ynskjer ikkje at økonomi skal vere eit hinder for å delta i konfirmant-opplegget. Ta kontakt med kyrkjekontoret på 51 43 62 10 for info om dette.

Det er eit ønskje for oss at så mange som mogleg vert med på weekend, då dette er er med på å gjere oss til ein samansveisa gjeng heilt frå starten av. 

I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet – på godt og vondt. Me vil gjennom året ha undervisning i grupper, heimegrupper, KonfCup saman med dei andre konfirmantane i Hå, gudstenester, weekend og fasteaksjon - for å nemna nokre stikkord.

Konfirmasjonsdatoane for 2019 er:
Laurdag 4. og søndag 5. mai
Laurdag 11. og søndag 12. mai

Meld på til konfirmasjon her

 


Del denne artikkel på e-post

Del på sosiale medier