GJEVARTJENESTE

GJEVARTJENESTE

Vil du støtte arbeidet i Varhaug kyrkje?

Vil du vera med på eit viktig arbeid?

Kontonummer for gåver til Varhaug sokneråd: 3335.27.29766

Soknerådet gjorde for nokre år sidan eit vedtak om at pengane som kjem inn frå gjevarar skal nyttast til arbeid for born og unge viss ikkje dei blir øyremerka anna arbeid. Det er mykje spennande som skjer i soknet, og soknerådet og tilsette freistar etter beste evne å nytta midla slik at fleire born, ungdom og vaksne kan få bli enno betre kjende med Jesus og leva eit liv i Han.

Dette blir pengane brukt til:

Styrking av konfirmantarbeidet

Varhaug sokneråd får kvart år trusopplæringsmidler frå staten som ledd i at kyrkja sjølv skal ta ansvar for å læra borna om den kristne trua i staden for skuleverket. Dei tilsette som arbeidar med born og ungdom i soknet gjer ein heilt suveren jobb med å førebu gode, solide samlingar både i dei tiltaka som me har hatt i Varhaug kyrkje lenge og heilt nye tiltak som blir testa ut. For å få eit meir variert opplegg for konfirmantane, har Varhaug sokneråd vedtatt at gjevartenesta skal vera med å lønna ein konfirmantmedhjelpar i 10% stilling. Dette har vore svært positivt for konfirmantarbeidet.

Familiearbeidar

Varhaug kyrkje dekker 10% stilling som familiearbeidar. Denne stillinga blir brukt til å planleggja og gjennomføra nokre familiegudstenester og driva dansegruppa Gloria for barn frå 3. klasse og oppover. Hausten 2016 starta familiearbeidaren i tillegg opp ei samtalegruppe (B-tween) for dei eldste jentene i Gloria.

Diakoniarbeidar

Diakoniarbeidaren oppsøkjer sjuke og einsame og arbeider blant unge og gamle i heile kommunen. Menneske med utviklingshemningar er òg ei av målgruppene til diakoniarbeidaren.

Skattefrådrag

Det kan i 2017 bli gitt inntil kr 30 000,- i inntektsfrådrag for gåver til Den norske kyrkja. Du må då informera kyrkjekontoret om at du ynskjer skattefrådrag, og oppgje personnummeret ditt.

Du er med dette utfordra til å investera dine pengar i eit godt og viktig arbeid. Tusen takk for gåva!

Kontonummer for gåver til Varhaug sokneråd: 3335.27.29766

 


Del denne artikkel på e-post

Del på sosiale medier