Pilegrimsvandringar

Pilegrimsvandringar

PILEGRIMSVANDRING
Å vera pilegrim er å vera undervegs og samtidig ha eit mål. Den ytre vandringa er som ei vanleg vandring. Reisemålet kan vera ein heilag stad, eit kyrkjebygg eller anna som er knytt til kyrkja. Den indre vandringa har retning mot Gud sjølv.

Pilegrimsvandringa er ikkje ei flukt bort frå sjølve livet, men ei vandring med Gud for å få mot og kjærleik til å vera undervegs – i livet. Den ytre ramma for pilegrimsvandringa kan gje styrke til det indre livet. Her kan Bibel, salmebok og enkle liturgiar koma oss til hjelp.

Det er merka ein pilegrimsveg langs Kongevegen på Jæren. Pilegrimsvegen går frå Varhaug gamle kyrkjegard og nordover til den tidlegare Stefanuskyrkja i Nærlandparken. Gå der pilegrimsmerkene er sett opp, og fylg dei blå merkene som syner kor Kongevegen går. Etter at du har passert hengebrua over Håelva, går du ein avstikkar til høgre opp til den gamle steinkrossen på Njærheim. Derfrå går du tilbake til elva og følgjer vegen vidare til Nærlandparken.

Ein pilegrimstur kan du gå aleine eller saman med familie, vener og kolleger.

Avstandar:
Frå Varhaug gamle kyrkjegard til Hå gamle prestegard: ca 8 km
Frå Hå gamle prestegard til steinkrossen på Njærheim: ca 2 km
Frå Steinkrossen på Njærheim til Stefanuskyrkja: ca 4 km

Sommaren 2016 er det lagt opp til pilegrimsvandring frå Eigersund til Stavanger 27. juni til 1. juli. Klikk her for meir informasjon.

Finn di kyrkje og gå til heilagstaden i ditt nærmiljø

Stavanger bispedømme har laga eit flott pilegrimskart som gjev ei oversikt over alle kyrkjer og steinkross i bispedømet og inneheld mykje god informasjon om pilegrimsmotivet, pilegrimsleiar i Rogaland og om det å vera pilegrim både opp gjennom historia og i vår tid.

Pilegrimskartet inviterer også til å bli kyrkjesamlar i Rogaland. Ein kan samla på kyrkjer ved å besøkja dei og notera datoen då ein var der på ei liste. Når ein har nådd 25, 50 og 100 kyrkjer kan lista sendast inn til bispedømekontoret og kyrkjesamlaren får ei lita gåve i posten. Les meir om å vera kyrkjesamlar her.
 
Ta i bruk pilegrimskartet, og gje deg sjølv med det gode opplevingar. Kanskje du blir den første til å samla 100 kyrkjer og få St. Svithuns diplom i gull?
Har du ikkje fått Pilegrimskartet? Ta kontakt med kyrkjekontoret eller last ned pilegrimskartet her.
 


Del denne artikkel på e-post

Del på sosiale medier