Bønneteneste

Bønneteneste

Takk til alle som ber, anten de ber åleine på kammerset eller de ber i lag med andre. Gud høyrer! I alle sokna i Hå er det organisert bøneteneste. Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du ynskjer å vera med i dette viktige arbeidet.

I Nærbø og Ogna blir opplegget "ein time ein gong i månaden" brukt. Dei som er med, får ei liste med bøneemne og ein dato dei skal be. Dei ber som oftast heime.

I Varhaug samlast vi til bøn i kyrkjestova kvar tysdag frå kl. 16.30 til 18.00. Kvar bønestund blir starta med at vi går eit par rundar rundt kyrkja medan vi syng og lovprisar Herren. Deretter går vi inn i kyrkjestova, der vi les litt frå Bibelen og held fram med å be. Du kan koma og vera med på så mykje eller så lite som du sjølv ynskjer. Men ta gjerne kontakt med oss på førehand på mobil 91663346 sidan det kan vera noen tysdagar vi er forhindra frå å vera og ha bønn i kyrkjestova.
 
”Framføre alt legg eg dykk på hjartet 
å bera fram bøn og påkalling,
forbøn og takk for alle menneske.
Be for kongar og alle som er i leiande
stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg
liv med gudsfrykt og vørdnad i
alt vi gjer. Dette er godt og noko Gud,
vår frelsar, gleder seg over, han som vil
at alle menneske skal bli frelste og læra
sanninga å kjenna.” (1. Tim 2, 1-4)


Del denne artikkel på e-post

Del på sosiale medier