Hjelp i sorg og kriser

Hjelp i sorg og kriser

Traumatiske hendelser kan gjera at vi kjenner oss tome og utmatta. Dødsfall, ulykker, tidlege traume, samlivsbrot og tap av arbeid er berre nokre få døme på situasjonar som tappar oss for krefter. Treng du nokon å prate med om noko som er vanskeleg? Ta gjerne kontakt med ein av våre tilsette for samtale og/eller forbøn.

Sokneprest Lars Sigurd Tjelle (Nærbø), tlf 474 51 340
Sokneprest Gaute Øgreid Rasmussen (Varhaug), tlf 400 34 061
Sokneprest Roald Byberg (Ogna), tlf 400 38 028
Ungdomsprest Dag Øivind Østereng, tlf 416 59 893
Diakon Torild Egeland Reime, tlf 911 81 696

Ulike støttegrupper
Har du mista ein som stod deg nær? Eller kanskje du har gått gjennom eit samlivsbrot. Då kan det vera godt å koma i lag med andre i same situasjon for å dele eigne tankar og kjensler og samtidig lytte til andre sine erfaringar. Ta kontakt med diakon i Gand kyrkje, Kjersti Schanke Olsen på telefon 51603843 eller 93658508 viss du vil vita meir om kva gruppe som kan passe for deg. 
Klikk her for meir informasjon om sorggruppene på Jæren. Stavanger bispedømme har òg tilbud om sorggrupper. Informasjon om bispedøme sine sorggrupper finn du her.

Kirkens SOS

Kirkens SOS ynskjer å fremme livsmot og håp for den som er i kjenslemessig eller eksistensiell krise. Dei vil vera til stades for dei som treng nokon å snakke med. Ring 815 33 300 om du treng nokon å snakke med eller klikk her for informasjon om Kirkens SOS.


Del denne artikkel på e-post

Del på sosiale medier