Skattekista Søndagsskule

Skattekista Søndagsskule

Søndagsskulen i Nærbø kyrkje heiter Skattekista, og er ein møteplass for alle barn som ynskjer å vere med! Maskoten vår er ein kanin, og han kjem fram på gudstenesten og følgjer barna ned i underetasjen, der dei går i grupper etter alder og får vera med på tilpassa opplegg. Det er óg mogleg å koma direkte til søndagsskulen startar i underetasjen kl. 11:30.

Sjå datoer for gjeldande semester her

Skattekista er delt inn i følgjende grupper:

  • Gul gruppe for barn 0-3 år
  • Grøn gruppe for barn 4 år til 1. klasse
  • Blå gruppe for barn 2.-4. klasse
  • Oransj gruppe for barn 5.-7. klasse

Skattekista engasjerer månge frivillige, som har varierte oppgåver - alt frå å leia ei gruppe, registrera barna når dei kjem, å vere med og rigga til, eller hjelpa med det tekniske. Kan du tenkje deg å vere med som frivillig? Ta kontakt med trusopplærar, Anne Turid Varhaug, på atva@haa.kyrkja.no, eller 930 81 297. Alle frivillige må leggja fram politiattest.

Me får støtte frå Søndagsskuleforbundet for kvart betalande medlem. Derfor har me satt ein frivillig kontingent på 50 kroner i året, som kan betalast kontant ved registreringsbordet, eller via Vipps (Gå på "Betal" og søk opp "Skattekista Søndagsskule", #503822. Hugs å leggja inn namn, fødselsår og adresse på barnet/barna i meldingsfeltet). Me håpar så månge som mogleg ynskjer å betale kontingenten, og all støtte går direkte tilbake til barna.


Del denne artikkel på e-post

Del på sosiale medier