Velkommen til dåp

Dåp i kyrkja. Den vesle i lang, kvit kjole blir boren opp framfor kyrkjelyden. Familie og fadrar er til stades i benkeradene. Kvifor velje dåp for den vesle? Kvifor invitere til feiring av babyen – og samle slekt og venner?

 

Eit felles ja

Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald. Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.

For kyrkja seier òg ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur. Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen. Barn i alle aldrar, ungdommar og vaksne er alltid velkomne til dåp.

 

Velkommen til dåp i ei av kyrkjene våre - både store og små!

Klikk på "ny registrering" til høgre på denne sida. Vel den kyrkja du høyrer til og finn ledig gudstjeneste. For å starte registreringa treng du personnr. til barnet (eller du kan bruka ditt eige om du ikkje har fått barnet sitt).

Etter eit par dagar vil du motta stadfesting på e-post. Dei som bur i Stokkalandsmarka får telefon frå presten for å avtale dåpssamtale. I dåpssamtalen vil man gå gjennom kva det vil seie å bli døypt og sjølve innhalde i dåpshandlinga. Har du ikkje all informasjon klar nå kan du åpne registreringa igjen og fullføre på eit seinare tidspunkt.

Dåpsliturgien kan de lesa her.

Ta gjerne kontakt på tlf 51 43 62 10 eller epost om du har spørsmål.

Ofte stilte spørsmål om dåp

1. Kven kan få døypt barnet sitt?

Alle som er medlem i Den norske kyrkja kan få barnet sitt døypt. Barna som vert døypte skal oppsedast i ei kristen tru. Presten vil ha ein samtale med foreldra om dette i forkant av dåpen. Om korkje mor eller far er medlem i Den norske kyrkje og ønskjer barna sine døypte her, vil det være naturlig med ein samtale med prest om dette. Samtalen vil ha som mål å leggja til rette for at barnet vert døypt.

2. Når kan vi døype barnet?

I Den norske kyrkja er det mest vanlig med barnedåp. Barna kan verta døypte så snart det er praktisk råd etter fødselen. Dåp finner vanlegvis stad i gudstenesta på ein søndag. 

3. Kan ein verta døypt seinare i livet?

Ja, det er alltid råd å bli døypt, og ein vert aldri for gammal. Mange vert døypte som tenåringar i samband med konfirmanttida. Det er heller ikkje uvanleg at foreldre som ikkje er døypt tidlegare vert døypt saman med barn dei ønskjer døypt. Nokre vert òg døypt heilt mot slutten av livet. 

4. Koster det noko å døype?

I Den norske kyrkja er det heilt gratis å verta døypt.

5. Korleis avtaler me dåp? 

For å bestille dåp, klikk på "ny registrering" oppe til høgre på denne sida. De kan òg kontakte kyrkjekontoret på tlf: 51 43 62 10 eller e-post.

6. Kven kan være fadder, og kor mange fadrar må det vera?

Fadrane bør vera nokon som kan ha jamnleg kontakt med barnet og familien, og hjelpe foreldra med den kristne oppsedinga. Fadder skal vera medlem av Den norske kyrkja, eller vera ein kristen som ikkje forkaster barnedåpen. Den døypte skal ha minst to fadrar. Foreldra til barnet reknast ikkje som fadrar. Der bør vera minst to fadrar til stades ved sjølve dåpen. Etter lova skal fadrane vera fylt 15 år.

7. Kor lenge varer gudstenesta?

Lengda på ei gudsteneste vil variere, men 1 time og 15 minutter er eit greitt anslag.

8. Kva er vitsen med dåp?

Det er mange ulike grunnar for å velja dåp. Tradisjon, at ein sjølv er døypt, at ein ønskjer at barna skal høyre til i kyrkja. I Den norska kyrkja lærer me at Gud tek borna
til seg i dåpen, Han frelser dei og gjev dei eit nytt liv. Det tyder at dåpen er noko av det mest verdfulle me kan gje ungane våre. Me set dei då inn i Guds mektige hender, og me gjer dei ein himmel over livet.

9. Kan vi døype utanom gudstenesta?

Dåpen er glede og fest for både familie og kyrkje, difor vil me helst ha det i gudstenesta på søndag, så flest mogleg får vera med om gleda! Men i nokre særlige tilfelle vil ein kunne ha dåpen på andre tider og kan hende også stader. Dette inviterer me til ein prat om i kvart enkelt høve.

10. Må vi ha fest etter dåpen?

Nei! Dåpen i seg sjølv og det at ein har fått eit barn er jo verdt ein fest. Men ikkje alltid har ein overskot eller finn anledning til det. Ikkje la tanken på festen hindra
deg i å døypa barnet! Det er heller ikkje naudsynt med pynt etter tema og sjølvlaga bordkort og marsipankake. Gjer det gjerne enkelt, og høyr med nokonom dei ikkje vil hjelpe til litt.

11. Kor kan me låne eller leige dåpskjoler?

Ta kontakt med kyrkja, så skal me sjå om me ikkje kan hjelpe!



Meir informasjon om dåp kan de finna her.

 

Dåpsregistrering